Linker

Kontakt oss pr.Epost

Johannes Nedrebø
Roy Inge Johnsen
Kjell Osland
Inge Byrkjeland
Sondre Torgersen
Startsiden
Styret
Klubber
Terminliste
Resultater
Norgescupen
Salg

Mino HK tok rubbel og bit under NM på Jølster

9.8.2016

Inge Byrkjeland og Gunnar D. Bugge frå Mino HK starta fredagen med å vinne NM Par.
Per Dalheim og Sondre Torgersen, henholdsvis Stord HK og Sogn HK tok sølv, mens Frode Rønning og Dan Tørnlind, Vallset HK tok bronsen.

Suksessen fortsatte laurdag for Mino HK. Finn Stavenes tok seg heilt til finalen der han slo Oddvar Turøy frå Førde HK. Arnfinn Austegard, Austblæsa HK tok bronsen.

I søndagens lagkonkurranse hadde Mino HK heile 3 lag, men det var andrelaget som gjekk heilt til topps og tok gull.
Laget bestoid av Synnøve Fagerstrand, Henrik Stokkenes, Ronny Stoddern og Gunnar D. Bugge. Dei slo Nordhordland i finalen.
Mino HK sitt førstelag tok bronsemedaljen etter å ha slått Stord HK i bronsefinalen.

Resultater NM Par 2016
Resultater NM Singel 2016
Resultater NM Lag 2016


Ny webside

31.5.2016

I dei siste 1-2 åra har det pågått utvikling av ny webside til forbundet.
Målet med den nye websiden var å ha eit moderne design, mobilitet, oppdatert resultatdatabase og enklere oppdatering & vedlikehold.

Websiden er fortsatt under utvikling, men det meste av funksjonalitet er på plass. Vær oppmerksom på at websiden kan inneholde feil både i funksjonalitet og data, derfor vil den nye websiden gå parallelt med den gamle (denne) inntil vidare. Resultater vert oppdatert fortløpande på begge sidene.

TIL NY WEBSIDE


Dan Tørnlind vinnar av norgescupen 2015

7.9.2015

Dan Tørnlind frå Vallset HK vart årets vinnar av norgescupen med 7525 poeng etter ein siger og ein andreplass på avslutningsstevnet på Knapstad i Hobøl. Inge Byrkjeland vart nummer to med 7200 poeng mens Tollef Årdal frå Skjold vart nummer tre med 6750 poeng.


Pallen

Mino HK vann norgescupen for lag

Lagkonkurransen der dei fire beste poengsumma frå kvar klubb er teljande vart vunnen av Mino HK med 21795 poeng. Dei fire som representerte poenga var Synnøve Fagerstrand, Walter Fagerstrand, Stein Ove Stoddern og Harald Fagerstrand. Vallset HK kom på andreplass mens Nordhordland HK tok tredjeplassen.

Resultater Norgescupen


Vallset HK tok gull i NM for lag

Vallset HK vart søndag norgesmester for lag. Dei slo blandingslaget Sogn HK/Førde HK i finalen.
Skjold HK tok bronsemedaljen.


Gullvinnarane: Dan Tørnlind, Anne Lundsbakken, Frode Rønningen og Bjørn Teige
Foto: Stig Høynes

Resultater NM Lag 2015


Dan Tørnlind norgesmester i singel

Regjerande mester Dan Tørnlind, Vallset HK takla presset og tok gullmedaljen i NM singel laurdag.
Rune Felde og Stein Ove Stoddern tok henholdsvis sølv og bronse.


Foto: Stig Høynes

Resultater NM singel 2015


Far og sønn til topps i NM for par

Trygve og Andreas Bolseth vart fredag kveld norgesmeisterar i parkasting på Breim. Etter ein knallhard og jevn semifinale mot Nordhordlands Roy Inge Johnsen og Oddmund Dingen, slo dei Frode Rønningen og Dan Tørnlind frå Vallset i finalen.


Foto: Stig Høynes

Resultater NM par 2015


Følg VM i USA på livestream

Inge Byrkjeland er einaste norske representant

13. - 25. juli går årets VM av stabelen i Topeka, Kansas. Inge Byrkjeland er allerede på plass og han er sikkert godt i gang med foreberedelsane. Reglane er litt anleis i USA, blant anna avstanden som er litt over 11 meter for herrar og litt over 8 meter for damer.
I den øverste klassen for begge kjønn har dei beste over 80% kløyvar (ring, klave), så nivået er høgt. Inge kastar i klasse MH1 (Men's H1), der snittet ligg på omlag 30%.

Inge skal kaste 13, 14 og 15. juli kl 20.00 norsk tid på bane 1-8

Bane 1-4
Bane 5-8

Webcamera oversikt


Arnfinn Austegard norgesmester i X-kast

Arnfinn Austegard, Austeblæsa HK vart norgesmester i X-kast heilmatch på Nordfjordeid. Han slo til med 629 poeng, som er ny norsk rekord.
Roy Inge Johnsen, Nordhordland HK tok sølvmedalje med 587 og Gunnar D. Bugge, Mino HK tok bronsemedaljen med 582 poeng.


Frå venstre: Roy Inge Johnsen, Arnfinn Austegard, Gunnar D. Bugge
Foto: Stig Høynes

Resultater NM


Monica Lundsbakken og Bjørn Teige norgesmester i Mix

Monica Lundsbakken og Bjørn Teige, Vallset HK tok NM tittelen i Mix parkasting.
Synnøve Fagerstrand og Walter Fagerstrand, Mino HK tok sølv, mens Torbjørg Årdal og Tollef Årdal, Skjold HK tok bronsen.


Frå venstre: Synnøve Fagerstrand, Walter Fagerstrand, Monica Lundsbakken,
Bjørn Teige, Tollef Årdal og Torbjørg Årdal.
Foto: Stig Høynes

Resultater NM


Anne Kirsti Noste og Andreas Bolset norgesmester i hesteskogolf

Anne Kirsti Noste, Mino HK og Andreas Bolset, Skjold HK er norgesmester i hesteskogolf 2015.
I dameklassen tok Monica Lundsbakken sølvmedaljen og Anne Lundsbakken bronsen, begge frå Vallset HK.
Tom Årdal, Skjold HK og Roy Inge Johnsen, Nordhordland HK tok henholdsvis sølv og bronse i herreklassen.


Vinnarane: Anne Kirsti Noste og Andreas Bolset
Foto: Stig Høynes

Resultater NM