Nordhordland HK arrangerte NM på Lindås i flott sommervær siste helga i juni. Det var eit godt gjennomført arrangement der arrangørklubben tok heim mange av medaljane. NM par vart vunne av Tollef Årdal og Trygve Bolset frå Skjold HK, sølv til Arnfinn Austegard og Jim Ertesvåg frå Austblæsa HK og bronse til Oddmund Dingen og Roy Inge Johnsen frå Nordhordland HK. I NM singel lørdag møttes Roy Inge Johnsen og Oddmund Dingen i finalen som ved NM i Breim 2017. Men denne gang vart Oddmund Dingen norgesmester. Arnfinn Austegard vann bronsekampen mot Tollef Årdal. I klasse 2 vant Geir Olav Sæbjørnsen frå Skjergard HK framfor Siw Hege Noste fra Mino HK. I søndagens NM for 4 mannslag vant Nordhordland HK sitt 1. lag over Mino HK sitt 1. lag , bronsemedaljane gjekk til Stord HK.